Skip Navigation LinksAktuelt > Aktuelt
Aktuelt

Referat frå møte om 17.mai-feiringa for 2017

flagget.jpg - Klikk for stort bilde

I samband med at Røn skule og Slidre skule har vorte slege saman til Vestre Slidre skule er det behov for å sjå på programmet for 17. mai.  Derfor tok kulturkontoret initiativ til eit møte der vi inviterte eit breitt utval av representantar for relevante grupperingar. Noko av utfordringa er at ingen har klart mandat til å bestemme. Men det trengs at nokon gjer det.

 

Publisert av Svein Ivar Kristiansen. Sist endret 16.03.2017

Desse deltok på møtet:

Kristine Tande, Klassekontakt 3. klasse
Astrid Haugli, Klassekontakt klasse 6B
Inger Astri Nordberg Røn bygdekvinnelag
Toril Nyhagen, Røn bygdekvinnelag
Katrine Opheim, Ungdomsarbeider
Eivind Brenna, Ordførar
May Britt Moe Slidre barnehage
Gunn Britt Haugrud, Røn naturbarnehage
Susanne Engelmann, SU i Slidre barnehage
Ole Tuvmarken, Røn Musikklag
Linda Gangstad Nordli, SU i Røn musikkbarnehage
Gudbrand Silvet Heiene, Kulturleder og 17. Mai-koordinator.

 

Under møtet tok vi ein runde der alle fikk seie kva dei hadde tenkt. Det var brei semje om at

1) Det for skuleborna er viktig at dei får gå i tog med klassane sine i Slidre,

2) Når skuleborna er i Slidre er det naturlig at Røn naturbarnehage også går der.

3) Med unntak av toget til Røn kirke er det bra om arrangementet i Røn går omtrent som før. Det er viktig for Rønsbygdingane, og det vil samstundes vere problematisk for det vidare arrangementet i Slidre (Nesja krins) om alle skulle vere der.

Det vart pekt på nokre utfordringar knyt til lengre tog og større parkeringsbehov i Slidre. Det må vi finne ei løysing på.

Vi vart einige om å prøve fylgjande:

Gudstenesta i Slidre startar 15 minutt tidlegare enn før, og toget i etterkant er for heile kommunen. Gudstenesta i Røn startar 15 minutt seinare enn før og vert for dei som ikkje går i tog i Slidre. Toget i etterkant frå kyrkja til Samfunnshuset vert for alle Rønsbygdingar. Grendehusa Kvamshall, Ristetun, Johmsborg, Skrøvik og Røn samfunnshus har alle arrangement i fortsettinga toget i Slidre.  Vi oppmodar alle Rønsbygdingar til å støtte opp om toget frå kyrkja sjølv om dei ikkje får med seg gudstensta der. Vi reknar med at gudstenestebesøket no vert noko jamnare fordelt mellom kyrkjene då nokre frå Røn no truleg vil finne det tenleg å på gudsteneste i Slidredomen før Gammel jegermars setter inn.

Evaluering av opplegget skal skje på denne sida av sumarferien.

Det vart i møtet og minna om at FAU ved Vestre Slidre skule bestemte i januar at det for Røn skulle bli som i Slidre (Nesja krins) at 2. og 5. klasse er komiteen og juletrefest og 17. mai.

Kulturkontoret takkar alle for eit godt og konstruktivt møte.

 

Gudbrand Silvet Heiene
Kulturleder og koordinator for 17. mai i Vestre Slidre kommune

 

Slidretun
Slidrevegen 16
2966 Slidre
post@vestre-slidre.kommune.no
Tlf:(+47) 61 34 50 00
Faks:(+47) 61 34 50 01
Opningstider
8.00-15.00 (15.05 - 14.09)
8.00-15.45 (15.09 - 14.05)
Org.nr: 961 382 157
Kommunenr: 0543
Valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune