Skip Navigation LinksAktuelt > Aktuelt
Aktuelt

Vinner av slagordkonkurransen

Kommunestyret vedtok i sak KS-027/17 ny kommuneplan (samfunnsdel) med slagordet "heilt naturleg- ekta vare!"

Slagordet består av to separate innspel sett saman av Formannskapet i sak FS-014/17. "Heilt naturleg" var eit anonymt bidrag så premien vert overrekt Aaste Månum Ødegaard som foreslo "Ekta vare!".

Publisert av Cathinka Vik. Sist endret 30.06.2017

Aaste si begrunning for slagordet var fylgande:

Eg tenkjer at eit slagord skal vera kort og «slåande», det skal gje folk eit inntrykk av at Vestre Slidre står for verdiar dei vil støtte/«vera ein del av».

Ekte vare kan brukast både i direkte og indirekte betydning, på mennesker og deira arbeid og på ting/varer/tenester. Det skal gje eit bilete på noko som er/har:

  • Høg etisk standard
  • Er ekte og solid
  • Ei rettesnor, noko å strekke seg mot.
  • God kvalitet

Premien til ein verdi av kr. 2.000,- vert sponsa av Vestre Slidre Sparebank. Aate ynskjer at premien tildeles Vasetløypene som representerar eit godt døme på det som ligg i "Ekta vare!" Aaste skriv om Vasetløypene at "Dei leverer eit fantastisk produkt med høg standard til glede for svært mange. Dei leverer eit produkt som er infrastruktur for vekst i området. Styret og dugnadsgruppa arbeider på idealistisk grunnlag. Dei er «ekte vare»."

Premien vert lodda ut til inntekt for Vasetløypene under Stølsfestivalen 5.-6. august.

Slidretun
Slidrevegen 16
2966 Slidre
post@vestre-slidre.kommune.no
Tlf:(+47) 61 34 50 00
Faks:(+47) 61 34 50 50
Opningstider
8.00-15.00 (15.05 - 14.09)
8.00-15.45 (15.09 - 14.05)
Org.nr: 961 382 157
Kommunenr: 0543
Valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune