Landbruksavdelinga

Landbruksavdelinga si hovudoppgåve er å arbeide aktivt for å oppretthalde og vidareutvikle land¬bruket som hovudnæring i Vestre Slidre. For dei tilsette på avdelinga inneber dette krav til rettleiing og medverknad, for å oppretthalde næringa og styrkje busetnads¬grunnlaget i kommunen.

JORDBRUK

Rådgjeving

Landbruksavdelinga skal gje fagleg råd i spørsmål knytt til kulturlandskap, husdyrbruk og jord- og plantekultur i kommunen. Her vil du kunne få informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningar i jordbruket.

Lovforvaltning

Avdelinga skal medvirke til at næringsutøvarane nyttar jordbruksressursane sine på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessige forsvarleg måte. Lovsaker etter jordlov, odelslov, og konsesjonslov vert handsama her:

- deling av landbrukseigedom
- frådeling av tomt/tilleggsareal
- omdisponering av jordbruksareal
- søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom
- fritak for bu- og driveplikt

Det er gebyr på handsaming av delingssaker og konsesjonssøknader etter jordlov og konsesjonslov.

Avdelinga organiserer også landbruksvikarordninga.


SKOGBRUK

Rådgjeving

Landbruksavdelinga skal gje fagleg råd i spørsmål knytt til skogbruk. Her vil du m.a. få informasjon om ulike lover og reglar og tilskotsordningar i skogbruket.

Lovforvaltning

Avdelinga skal medvirke til at næringsutøvarane nyttar skogressursane sine på ein samfunnsmessig, økonomisk og miljømessige forsvarleg måte. Skogbrukssjefen har ansvar for skogoppsynet i kommunen. Desse sakene etter ulike forskrifter og lover i skogbruket vert handsama hjå avdelinga:

- omdisponering av skogsareal
- vegbygging
- skogskjøtsel
- hogst i verneskog
- rentemiddelbudsjett for skogbruket
- bruk av skogavgiftsordninga


Avdelinga har og ansvaret for utmarksressursar som viltforvaltning, innlandsfiskelov, lov om motorferdsel m.v.


Sjå organisasjonsplan nedanfor.

E-post adresse til etaten: post@vestre-slidre.kommune.no

Tilsette på Landbruksavdelinga
Tilsette på Landbruksavdelinga
FunksjonNavnTelefonE-post
SkogbruksrådgjevarTerje Karlsen61345099@
JordbruksrådgjevarAnne Marie Mørstad61345138@
ArealplanleggarSteinar Tvedt61345097@
Sist endret 04.01.2017
Slidretun
Slidrevegen 16
2966 Slidre
post@vestre-slidre.kommune.no
Tlf:(+47) 61 34 50 00
Faks:(+47) 61 34 50 01
Opningstider
8.00-15.00 (15.05 - 14.09)
8.00-15.45 (15.09 - 14.05)
Org.nr: 961 382 157
Kommunenr: 0543
Valdres-regionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune