Gode vener, lettvin bustad og god helse betyr mykje for Signe Finneberg og venninna hennar, båe på 92 år. Dei synast dei har det veldig bra i Slidre, med kjekke folk rundt seg.
«Eg lyt ut å gå, nesten til kvar dag», seier venninna. Dei er båe opptatt av å halde seg i rørsle. Kvar torsdag er dei med på balansetrening i Kroken. Dei er gjerne i Plassen, særleg når det er tilstellingar.

Signe går ofte i Plassen for ein prat og ein kopp kaffi. Ho, Marit (89) og Rønnaug (87) er alle einige om at Plassen er ein fin møtestad for dei eldre.

 

Ein kreativ gjeng i miljøtenesten laga seg utekino i hagen, med framsyning måndag kveld. Miljøtenesten arbeidar bevisst med å finne aktivitetar som alle bebuarane kan delta på, uavhengig av funksjonsnivå.


Tommel opp til dei tilsette som er innovative og engasjerte på jobb for bebuaranes beste!

 

 

Språkpraksis førte til jobb for Abdulghani,- også kalt "Gunnar" blant kollegaer på Shell :-) Vel teke i mot av kollegaer og Rune Kværna, stortrivast Abdulghani i sin nye kvardag!

"Vi kan ikkje la slike folk gå frå oss", sa Rune, då Vestre Slidre læringssenter tok kontakt etter nokre dagar i praksis.

Lukke til Abdulghani og takk Rune, for din positive haldning!

12 flotte deltakarar frå Vestre Slidre og Vang deltek på kurset «Bra Mat for bedre helse». Frisklivssentralane i Vestre Slidre og Vang samarbeider om å arrangere kurset, som består av fire kurskveldar over fleire veker. Mellom kurskveldane jobbar deltakarane med eigne mål og endringar i kosthaldet sitt. Tre av fire kveldar er gjennomført til no, med både teori og praktisk matlaging.

Fokuset gjennom kursperioden er å bli kjent med kostanbefalingane til Helsedirektoratet og  endringar ein kan gjera for å få eit sunnare kosthald.

Me ser fram til siste kurskveld med engasjerte og trivelige deltakarar!

Nytt kurs blir arrangert til hausten. Ta gjerne kontakt med Frisklivssentralen i Slidre på
tlf: 97617406 om du vil melde deg på eller ynskjer meir informasjon om kurset og tilboda til Frisklivssentralen.

Det vert stilt krav til offentleg sektor om å tilby meir effektive og miljøvenlege digitale løysingar. Som eit ledd i dette, har Vestre Slidre kommune innført digital fakturautsending.

Dato: torsdag 21. mars, 2019.

Tid: kl. 17.30-21.00

Stad: Høre samfunnshus

Kursleiar: Diabetessjukepleiar Tilla Landbakk

Tirsdag 19. februar var det godkjenningsmøte for Vestre Slidre kommune som trafikksikker kommune. Å bli godkjent betyr ikke at det ikke skjer trafikkulykker, men godkjenningen er et kvalitetsstempel for godt, målbevisst og helhetlig arbeid med trafikksikkerhet.

Hogsten i Vestre Slidre har vore jevnt over bra dei siste åra. Med aukande prisar på tømmer siste året, har det ført til at ekstra mange vil hogge!

Her på Brennabu er året godt i gang. Denne uken er det vel 100 elever fra tettbygde strøk i Sør-Norge. Glade elever boltrer seg i ny snø og flotte skiløyper. Her i Vestre Slidre kommune får de opplevelser for livet!

Vestre Slidre kommune hadde frå 2014 til 2016 eit sjukefråvær på om lag 7,5 %. I 2017 nådde sjukefråværet 9,3 %, og det er flott å kunne sjå ei markant nedgang i fråværet til 2018 som enda med eit sjukefråvær på 6,1 %.