Kommunestyret vedtok  i møte 8.11 å leggje legge framlegg til «Forskrift om vatn- og avløpsgebyr i VestreSlidre» ut til høyring med høyringsfrist 10. desember 2018.

 

No er gravearbeidet med VA-prosjektet i Ålfjell i full gang. Biletet viser maskiner frå Kroon Maskin AS som nå har avdekka fjell i nedre del av traseen. Fyrste del av prosjektet skal være klart hausten 2019.

Kvardagsrehabiliteringsteamet i Vestre Slidre har no arbeidd med kvardagsrehabilitering eitt år, og har sett teorien ut i praksis. Til no har fire brukarar fått kvardagsrehabilitering, auka si sjølvstendigheit og livskvalitet.

Onsdag 17. oktober var det i tidsrommet fra kl. 0925  til kl. 1225 betydelige problemer med telefonlinjer og mobildekning i området rundt Slidretun. Årsaken til dette ligger trolig i at en basestasjon for mobildekning, fasttelefoni og fiber falt ut i dette tidsrommet. Kommunen vil ta kontakt med eier av basestasjonen for å unngå at slike hendelser gjentar seg.

Det er storstilt utbygging av vatn- og avløp til eksisterande og nye hytteområder i Vasetområdet for tida. På bildet ser me avd.leiar Sigurd Aune Flatmo fylgjer med på borringa ved Langøddin.

Psykisk helseteneste har no flytta til nye lokalar i bankbygget i Slidre sentrum. Her skal vi samlokaliserast med helsestasjon og den nye kommunepsykologen som byrjar 1. november.

Politioverbetjent Sverre Flatmo og betjent Randi Skeie ivaretek viktige funksjonar for politiet i Vestre Slidre

Vigsler er ein svært hyggeleg del av ordførarjobben. Dette biletet er frå Nøsen i august. Vi venter på at brura skal koma ridande på ein flott brun hest. Fokus er no på framdrift i kommuneplanarbeidet, vatn og avløp på Ålfjell og nasjonal status for natur- og kulturparkar.

 

 

Det har blitt tatt i bruk eit nytt område på Slidreøya som har fått navnet «Tankesmia» Besøks- og refleksjonshage. Området ligg litt ned for gardstunet, omkransa med ein skigard.

Den gamle smia på garden er nyleg sett i stand, og er no identisk med slik den var for mange år tilbake.

Denne veka er ordførarjobben mest ein «utanriksminister» for kommunen. Måndag var det møte med statssekretærar frå 2 departement, om Natur- og kulturparkar i Norge. Det er 900 slike samhandlingsparkar i Europa og regjeringane anerkjenner dei som gode lokale løysingar, men Norge har ikkje enno gjort det grepet. Eg har tru på at dagens regjering endrar det.

Onsdag er det regionstyremøte i Valdres og der får vi mellom anna ein dialog med fylkesordførar om vidareføring av partnarskapet mellom Valdres Natur-og kulturpark og Innlandet.

Torsdag skal eg innleie om distriktspolitikk sett frå ein ordførar i Venstre sitt distriktsutval. Fredag møter Venstre-ordførerane stortingsgruppa til Venstre.

Neste veke starter roligere. Torsdag har vi kommunestyre.

Eivind, 28.8.18.