Det har blitt tatt i bruk eit nytt område på Slidreøya som har fått navnet «Tankesmia» Besøks- og refleksjonshage. Området ligg litt ned for gardstunet, omkransa med ein skigard.

Den gamle smia på garden er nyleg sett i stand, og er no identisk med slik den var for mange år tilbake.

Denne veka er ordførarjobben mest ein «utanriksminister» for kommunen. Måndag var det møte med statssekretærar frå 2 departement, om Natur- og kulturparkar i Norge. Det er 900 slike samhandlingsparkar i Europa og regjeringane anerkjenner dei som gode lokale løysingar, men Norge har ikkje enno gjort det grepet. Eg har tru på at dagens regjering endrar det.

Onsdag er det regionstyremøte i Valdres og der får vi mellom anna ein dialog med fylkesordførar om vidareføring av partnarskapet mellom Valdres Natur-og kulturpark og Innlandet.

Torsdag skal eg innleie om distriktspolitikk sett frå ein ordførar i Venstre sitt distriktsutval. Fredag møter Venstre-ordførerane stortingsgruppa til Venstre.

Neste veke starter roligere. Torsdag har vi kommunestyre.

Eivind, 28.8.18.

Det skal som vanleg delast ut ein årleg pris til eldsjeler og/eller personar som har peika seg ut på ein positiv måte. Det kan vere ein kulturpris, ein positivpris, ein landbrukspris, ein nyskapingspris, ein ungdomspris... Formannskapet vel kva pris det skal vere og kven som får den.

Om du har forslag til kandidatar, sender du forslaget med grunngjeving til kulturkontoret pr. e-post eller papir til gudbrand.heiene@vestre-slidre.kommune.no i Vestre Slidre innan 15.09.18.

Landbruksdirektoratet

Den 15.august åpnes det nye elektroniske systemet for dem som søker tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel. Søkerne har fram til nå benyttet papirsøknader, men fra nå kan søkerne logge seg inn i Altinn, og sende søknaden her.  Det nye systemet er forbedret slik at saksbehandlingen blir redusert med flere uker. Det betyr at søkeren får pengene inn på konto raskere enn før.

I september får 800 utvalte i Vestre Slidre tildelt spørjeskjema frå Østlandsforskning. Skjema blir levert på døra i veke 36 og 37. Tema i undersøkinga er helse og levekår.
Me oppfordrar alle utvalte til å delta!

Valdres brann

Brannsjefen har etter delegert myndighet fattet følgende vedtak:
Vedtak om totalforbud mot å gjøre opp ild og åpen brenning oppheves fra og med mandag 13. august kl. 12.00 i kommunene Øystre Slidre, Vestre Slidre, Sør-Aurdal, Vang og Etnedal.

 

 

Stipend frå legatet kan gjevast til studentar frå Vestre Slidre som studerer landbruk eller biofag ved universitet eller høgskule. Studiet må ende opp med master- eller bachelorgrad innafor dei aktuelle faga. Same person kan søkje stipend inntil 3 år. For meir informasjon kan leiar for legatet Birger Haugen kontaktast på tlf. 412 22 760.

Skriftleg søknad saman med karakterutskrifter eller stadfesting på studieplass ved aktuell studiestad sendes til Birger Haugen, Ellestadvegen 265, 2967 Lomen.

Søknadsfrist: 01.09.2018.

Som ein konsekvens av den lange turkeperioda vi er inne i, er det er i tillegg til eksisterande stasjonar for uttak av vatn, etablert tappestasjonar. Vatnet er frå godkjente vassverk og kan nyttast også til drikkevatn. Du kan hente vatn på desse punkta:

Korn og gras

Landbruksdirektoratet sine sider kan du no hente ut oppdatert Informasjon om klimabetinga skader i landbruket.

Sjå linken under som gjeld viktig informasjon til produsentar om berging av fôrressursar