Nasjonalt seminar for kyrkjeklokker

måndag 28. mai 2018 09:30 - tysdag 29. mai 2018 13:30

Informasjon

 

Aurdal Menighetsråd inviterer til det fyrste nasjonale seminaret for kyrkjeklokker i Aurdal og på Fagernes i Valdres. Under seminaret tek vi temperaturen på aktuelle problemstillingar i kyrkjeklokkemiljøet, både historisk og med tanke på framtida.

 

Seminaret blir ein kombinasjon av føredrag med innleigde føredragshaldarar og ei praktisk tilnærming gjennom prøving av kyrkjeklokker og innføring i ulike ringeteknikkar og ringetradisjonar.

 

Målet med seminaret er å auke medvitet og den generelle kunnskapen om klokketradisjon og ringing hjå kyrkjeleg tilsette, fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.

 

Per i dag er det ingen som tek eit nasjonalt ansvar for den manuelle klokkeringinga i landet, i motsetnad til i fleire andre land, til dømes Danmark og Tyskland. Eit eige nasjonalt seminar for ringing representerer eit nytt og etterlengta tilskott i floraen av sikrings- og bevaringstiltak i kyrkja. Sjå elles vedlagt program.

 

Praktisk informasjon:

Deltakaravgift (inkluderer seminarmiddag og lunsj): 2000 kr / studentar 1000 kr

Påmelding: Liv Barbro Veimodet, lv564@kirken.no / 416 74 669

Påmeldingsfrist: 1. mai

 

Overnatting:

·         Fagernes Hotell: valdres@scandichotels.com / 61 35 80 00. Når du ringjer, tast 2 (andre henvendelser) – då kjem du til resepsjonen på hotellet på Fagernes. Hugs referansekode, som er 46369336. Pris for enkeltrom (inkl. frukost) er 1010 kr.

·         Fagernes Camping: post@fagernescamping.no / tlf. 61 36 05 10 / www.fagernescamping.no.

·         Fagerlund Hotell: Tlf. 61 36 18 58. Pris hotellstandard, dobbeltrom 1290 kr, enkeltrom 960 kr. Pensjonatstandard, dobbeltrom 1090 kr, enkeltrom 710 kr. Alle prisar inkl. frukost.

 

Velkommen på seminar!

 

Nasjonalt seminar for kyrkjeklokker

 

v/Henning Andersen, Oddrun Hegge, Carl Philip Weisser, Liv Barbro Veimodet og Knut Aastad Bråten

Stad

Valdres
 

Kontakt

Legg til hendinga i din kalender