Faktura frå Vestre Slidre kommune

 

 

Forfallsdato på fakturaer

  • Kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt vert fakturert etter kunden sitt ønskje: kvar månad, kvart kvartal eller to gonger i året (halvårleg), med forfall den siste dagen i månaden.
  • Barnehage og SFO vert fakturert kvar månad unntatt juli, med forfall den siste dagen i månaden.
  • Kulturtenester vert fakturert to gonger i året (for haust- og vårsemester), normalt mot slutten av semesteret.
  • Helse og omsorgstenester vert fakturert etterskotsvis kvar månad, med forfall 20. kvar månad.
  • Husleige kommunal husvære vert fakturert kvar månad, med forfall 20. kvar månad.

e-faktura

I nettbanken din har du moglegheit til å automatisk godta e-faktura frå alle bedrifter som tilbyr denne tenesta og som ein har eit kundeforhold til. Finn e-Faktura-tenesta i din nettbank for å velgje e-faktura som digitalt førsteval for faktura (Ja takk til alle).

Avtalegiro

Avtale Giro er ein teneste for automatisk betaling av dine faste rekningar. Det vil seie at banken sørgjer for at rekningane vert betalt direkte frå din konto på forfallsdato. Du beheld full oversikt og kontroll over rekningane dine, sjølv om trekka vert gjort automatisk av banken.

Dette vert gjort i nettbanken eller ved at du tek kontakt med banken. Vestre Slidre kommune kan ikkje opprette avtalegiroavtale for deg. Nødvendig KID- og bankkontonummer finn du på den siste fakturaen for kommunen. Det må opprettast eigne avtalegiroavtaler for forskjellige kommunale tenester (som kommunale avgifter, helse og omsorg (inklusiv husleige kommunal husvære) og barnehage/SFO/kulturskole.

Faktura frå kommunen

Under finn du oversikt over alle faktura du har fått frå kommunen.

Treng du betalingsutsetting?

Du kan også søkje om betalingsutsetjing i fakturaoversikten under. Søker du om betalingsutsetjing, er det viktig å merke seg at forsinkelsesrenter løper frå opphavlege forfallsdato.

Endre hvor ofte du får faktura

Du kan selv bestemme hvor ofte du vil ha faktura på kommunale avgifter.

Kontaktinfo

Vladimir Cudina
Regnskapsmedarbeidar
E-post
Telefon 46 84 69 09