Planområdet ligg på ein odde i Slidrefjorden mellom Einangsbrua og Slidreøya. Målet med reguleringsplanen er å legge til rette for attraktive fjordnære bustader. Planforslaget har 18 nye tomter.
Planforslaget er å finne på arealplaner.no. Forslaga til plankart, planføresegner og planomtale finn du under "Vis dokumenter".
Plankartet og føresegnene er dei foreslåtte juridisk bindande dokumenta i planen. Planomtalen er saksdokumentet som skildrar planområdet og forklarar og vurderer grepa i planen. Der er også referat av innkomne merknader ved varsel om oppstart og vurderingar av konfliktene i planområdet.
Formannskapssaka der planen vart vedteke lagt ut til offentleg ettersyn, finn du her. Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.
Uttaler
Uttaler til planforslaget skal vere skriftlege og kan sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 17. oktober 2023.