Kommuneplanens arealdel til 2. offentlege ettersyn

Kommuneplanens arealdel er no ute til 2. gongs høyring og offentlege ettersyn. Merknadsfristen er 26. august 2021.

Arealdelen til kommuneplanen består av plankart (nr. 2 nedanfor) og føresegner (nr. 3 nedanfor). I tillegg følgjer mange prosessdokument. Følgjande dokument følgjer planen som no er lagt ut til ettersyn:

1. Planskildring (PDF, 519 kB)

1a «Arealreknskap på private teigar på Veståsen (PDF, 690 kB)»

1aa Kartvedlegg (PDF, 734 kB)

2. Plankart (PDF, 2 MB)

2a Plankart utan hensynssoner (PDF, 2 MB)

3. Føresegner og retningsliner (PDF, 3 MB)

4. Sak utlegging 2 offett

4a Sak 1 utlegging 1 offett

4b Sak 2 utlegging 1 offett

5. Heilskapleg KU (PDF, 376 kB)

5a. «Vurdering gjeldande planar (PDF, 137 kB)» - gjeld reguleringsplanar

5b. «Notat byggegrense Strandefjorden-Slidrefjorden (PDF, 17 MB)»

5c. «NiN overlapp byggeområde (PDF, 886 kB)»

6. Konsekvensutgreiing (PDF, 21 MB) (for dei enkelte byggeområda)

7. Risiko- og sårbarheitsanalyse (PDF, 18 MB)

8. Temakart kulturminne (PDF, 2 MB)

9. Temakart nasjonalt og regionalt viktige naturtyper (PDF, 2 MB)

10. Områdenamn (PDF, 211 kB) 1 og 2 offentlege ettersyn

10a. Tal objekt i plankart (PDF, 18 kB) ved 1 og 2 offentlege ettersyn

Korleis lese planen?

Arealdelen til kommuneplanen er omfattande og det er krevjande å setje seg inn i alt. Plankartet (vedlegg 2) og føresegnene (vedlegg 3) er dei juridisk bindande dokumenta, og såleis det som er viktigast. Alle dei andre dokumenta er prosessdokument med vurderingar og forklaringar. Av desse er planskildringa (vedlegg 1) det dokumentet som gir oversikta og forklarar og skildrar planen med føremål, hovudgrep, arealoversikt og tankane bak. Kommunestyresaka (vedlegg 4) viser korleis innspela ved 1. offentlege ettersyn er vurderte. Saman med vedlegg 4a og b viser det også politiske innspel og vedtak i prosessen. Konsekvensutgreiinga (vedlegg 6) skildrar og vurderer kvart enkelt av dei nye foreslåtte områda for utbygging.

Plankartet i pdf-format slik det er lagt ved er vanskeleg å lese då det er ulike hensynssoner som overlappar arealføremåla. Difor er det også lagt ved eit plankart der hensynssonene ikkje er utteikna (vedlegg 2a). Men det kan likevel vere vanskeleg å orientere seg i plankartet og linene blir grove når ein zoomar inn. Difor tilrår vi å nytte den digitale versjonen på www.valdreskart.no. Sjå høgremenyen under "RELATERT INNHOLD" for rettleiing. 

Når ein skal forstå planen for eit konkret område, rår vi til å nytte følgjande framgangsmåte:

  1. Finn ut, mot teiknforklaring (evt. tool-tip i digitalt kart), kva arealføremål det aktuelle arealet har i plankartet.
  2. Finn ut kva føresegner som gjeld for det aktuelle arealføremålet. Føresegnene er oppbygde med generelle føresegner først og så føresegner for kvart arealføremål. Merk at for fritidsbustader og bustader er det ulike bestemmelsessoner for ulike område.
  3. Finn ut, mot teiknforklaringa (evt. tool-tip i digitalt kart), om det aktuelle arealet er omfatta av hensynssone. Fleire ulike typer hensynssoner kan overlappe.
  4. Finn ut kva føresegner som gjeld for eventuelle aktuelle hensynssoner. Td. er mange eigedomar omfatta av faresoner med krav om faresonekartlegging før tiltak kan gjennomførast.

Andre dokument i saka

Alle journaførte dokument i saka, ma. innspela, er å finne i arkivsaka.

Merknader og innspel til planen

Merknader og innspel til planen skal vere skriftlege. Dei kan sendast på følgjande måte:

  • E-post til post@vestre-slidre.kommune.no
  • «Send uttalelse» i plandialog i valdreskart
  • Brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Grunna sommarferien er det tre vekers ekstra merknadsfrist ut over dei lovpålagte åtte vekene. Fristen er sett til 26. august 2021.