Kommuneplanens arealdel til 3. offentlege ettersyn

Kommuneplanens arealdel er no ute til 3. gongs høyring og offentlege ettersyn. Merknadsfristen er 5. januar 2022.

Arealdelen til kommuneplanen består av plankart (nr. 1 nedanfor) og føresegner (nr. 2 nedanfor). I tillegg følgjer mange prosessdokument. Følgjande dokument følgjer planen som no er lagt ut til ettersyn:

1. Plankart (PDF, 2 MB)

1a Plankart utan hensynssoner (PDF, 2 MB)

2. Føresegner og retningsliner (PDF, 3 MB)

3. Sak utlegging 3 offett (PDF, 888 kB)

4. Planskildring (PDF, 537 kB)

4a. Merknadsvurdering (PDF, 2 MB) av 2. off. ettersyn

5. Heilskapleg konsekvensutgriing (PDF, 429 kB)

5a. «Vurdering gjeldande planar (PDF, 139 kB)» - gjeld reguleringsplanar

5aa. Gjeldande planar og myr (PDF, 2 MB)

6. Konsekvensutgreiing (PDF, 20 MB) (for dei enkelte byggeområda)

7. Risiko- og sårbarheitsanalyse (PDF, 18 MB)

 

Korleis lese planen?

Arealdelen til kommuneplanen er omfattande, og det er krevjande å setje seg inn i alt. Plankartet (vedlegg 1) og føresegnene (vedlegg 2) er dei juridisk bindande dokumenta, og såleis det som er viktigast. Alle dei andre dokumenta er prosessdokument med vurderingar og forklaringar. Av desse er planskildringa (vedlegg 4) det dokumentet som gir oversikta og forklarar og skildrar planen med føremål, hovudgrep, arealoversikt og tankane bak. Merknadsvurderinga (vedlegg 4a) viser korleis innspela ved 2. offentlege ettersyn er vurderte. Kommunestyresaka (vedlegg 3) viser kva som vart vektlagt overfor kommunestyret samt politiske innspel og vedtak. Heilskapleg konsekvensutgreiing (vedlegg 5) svarar ma. ut kommunestyret sitt vedtak om at plandokumenta skal vurdere effektar av nye hytteområde på klima og arealtypar. Konsekvensutgreiinga (vedlegg 6) skildrar og vurderer kvart enkelt av dei nye foreslåtte områda for utbygging.

Plankartet i pdf-format, slik det er lagt ved, er vanskeleg å lese då det er ulike hensynssoner som overlappar arealføremåla. Difor er det også lagt ved eit plankart der hensynssonene ikkje er utteikna (vedlegg 1a). Men det kan likevel vere vanskeleg å orientere seg i plankartet, og linene blir grove når ein zoomar inn. Difor tilrår vi å nytte den digitale versjonen på www.valdreskart.no. Klikk her for for rettleiing. Prøv gjerne denne direkte lenka til applikasjonen i kartet, men den er ustabil.

Når ein skal forstå planen for eit konkret område, rår vi til å nytte følgjande framgangsmåte:

  1. Finn ut, mot teiknforklaring (evt. tool-tip i digitalt kart), kva arealføremål det aktuelle arealet har i plankartet.
  2. Finn ut kva føresegner som gjeld for det aktuelle arealføremålet. Føresegnene er oppbygde med generelle føresegner først og så føresegner for kvart arealføremål. Merk at for fritidsbustader og bustader er det ulike bestemmelsessoner for ulike område.
  3. Finn ut, mot teiknforklaringa (evt. tool-tip i digitalt kart), om det aktuelle arealet er omfatta av hensynssone. Fleire ulike typer hensynssoner kan overlappe.
  4. Finn ut kva føresegner som gjeld for eventuelle aktuelle hensynssoner. Td. er mange eigedomar omfatta av faresoner, som gjev krav om faresonekartlegging før tiltak kan gjennomførast.

Andre dokument i saka

Vi har ikkje funne det føremålstenleg å oppdatere og leggje ut alle dokument no ved 3. offentlege ettersyn. Vi viser her til dokumenta slik dei låg føre ved 2. offentlege ettersyn. Det gjeld dei dåverande vedlegga 1a, 1aa, 4, 4a, 4b, 5b, 5c, 8, 9, 10 og 10a ved utlegginga til 2. offentlege ettersyn. Dokumenta er å finne i denne artikkelen.

Alle journaførte dokument i saka, ma. innspela og vedlegga ved politisk behandling, er å finne i arkivsaka

Endringar i høve 2. høyring/offentlege ettersyn

Planen var ute til 2. høyring/offentlege ettersyn i perioden 9. juni - 26. august 2021. Det er gjort ei rad endringar etter det. Den komplette oversikta finn ein ved å gå gjennom kommunestyresaka og merknadsvurderinga, vedlegg 3 og 4a. Vi nemner dei viktigaste:

  1. Omfanget av detaljeringssoner (reguleringsplaner som skal gjelde uendra) er sterkt redusert. I staden har mange planområde fått arealføremålet kombinert bebyggelse og anlegg, som i denne planen tyder at gjeldande planer fortsatt skal gjelde, men at arealdelen overstyrer planane ma. der det er faresoner.
  2. Krav om anleggsbidrag til kommunalt VA-nett for nye byggeområde for hytter
  3. Område H5 har gått ut og område H30 er redusert
  4. Område H60 er utvida grunna ein tidlegare feil. Område H64 er nytt, men erstattar eit regulert område som no blir overstyrt. Desse to områda gjer at det tilsynelatande er meir nye byggeområde for fritidsbustader no enn ved 2. offentlege ettersyn.
  5. Føresegnene har fått restriksjonar mot bygging i myr når nye område blir regulert

Merknader og innspel til planen

Merknader og innspel til planen skal vere skriftlege. Dei kan sendast på følgjande måte

  • E-post til post@vestre-slidre.kommune.no
  • «Send uttalelse» i plandialog i valdreskart
  • Brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Vi har eit mål om endeleg vedtak av planen snarast råd etter merknadsfristen. No ved 3. offentlege ettersyn er terskelen høgare enn tidlegare for at innspel blir innarbeidde. Det gjeld særleg forslag om nye område og andre endringar som ville utløyse eit 4. offentlege ettersyn.

Grunna juleferie er det ei veke ekstra merknadsfrist ut over dei lovpålagte åtte vekene. Fristen er sett til 5. januar 2022.

Vi oppmodar om å planlegge framdrift for merknader i god tid slik av vi no slepp utsetjingar av merknadsfristen.