Områderegulering for Vaset sentrum til offentleg ettersyn

Forslag til områdereguleringsplan for Vaset sentrum er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 16. april 2021.

Klikk for stort bileteFormannskapet vedtok i sak 21/21 å legge forslag til områdereguleringsplan for Vaset sentrum ut til offentleg ettersyn.

Planarbeidet omfattar eit areal på 280 daa rundt krysset mellom Panoramavegen og Knippesetvegen.

Plankartet (PDF, 440 kB) og føresegnene (PDF, 2 MB) er dei viktigaste dokumenta. Dei utgjer det juridisk bindande planforslaget.

Eit kart utan hensynssoner og med eksisterande eigedomsgrenser markert med raudt finn du her (PDF, 165 kB). Digitalt plankart der du kan zoome inn og ut og slå av og på lag, finn du via denne instruksjonen, eller via direkte (ustabil) lenke her

Formannskapssaka der planen vart vedteke lagt ut til offentleg ettersyn, finn du her. Vedlegget "3 Planskildring" gir ei nærare omtale av planen med vurdering av konflikter, ma. med referat og vurdering av innkomne merknader ved varsel om oppstart. Ein presentasjon som administrasjonen held i formannskapsmøtet finn du her (PDF, 3 MB).

Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.

 

Uttaler

Uttaler skal vere skriftlege. Det er tre alternativ for å sende uttaler:

  1. Bruk "send uttalelse" i webkart/plandialog 
  2. E-post til post@vestre-slidre.kommune.no
  3. Brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre.

Fristen er 16. april 2021.

Prosessen vidare

Etter offentleg ettersyn kan det vere klart for vedtak av planen og påfølgande kunngjering og klageadgang. Men ofte finn ein at det er føremålstenleg å endre planen etter innkomne innspel og merknader. I så fall blir det utarbeida eit nytt planforslag og planen blir sendt på eit 2. offentlege ettersyn.