Reguleringsplan for E16 Hålimoen-Hausåker. Kunngjering av planvedtak

Med dette kunngjer vi vedtak av reguleringsplan for E16 Hålimoen-Hausåker. Klagefristen er 5. mai 2021.

Den juridisk bindande planen

Den vedtekne planen med juridisk verknad består av plankartet (PDF, 14 MB) og bestemmelsane (PDF, 459 kB). Merk at eit parti ved Lomen stavkyrkje ikkje vart vedteke i denne omgang grunna motsegn frå riksantikvaren.

Digitalt plankart og plandialog finn du ved hjelp av denne instruksjonen eller ved å følgje denne (ustabile) lenka.

Prosessdokument

Saka i kommunestyret med vedlegg finn du her. I vedlegget "E16 Planbeskrivelse_Slidre nord" finn du referat av alle innkomne merknader og vurdering av desse. 

Arkivsaka med alle journalførte dokument finn du her.

Klage og innløysing

Planvedtaket kan, etter plan- og bygningslova §1-9 og forvaltningslova kap VI, påklagast. Klager må vere skriftlege og kan sendast på eit av følgjande alternativ:

  1. E-post: post@vestre-slidre.kommune.no
  2. Brev: Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Klagefristen er 5. mai 2021.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Vestre Slidre kommune innan 3 år frå denne kunngjeringa, jfr plan- og bygningslova kap 15.