Reguleringsplan for Gamle Haugstølen. Varsel om oppstart

Vi varslar med dette oppstart av reguleringsplanarbeid for Gamle Haugstølen. Merknadsfristen er 20. desember 2021.

Planarbeidet gjeld eit areal på vel eit daa på eigedomen gnr./bnr. 18/1 ved Sørre Syndin. Gjeldande plan for området er arealdelen til kommuneplanen.

Vedlagt er:

Reguleringsplanen har som føremål å legge til rette for å ivareta og bevare gamle stølshus gjennom frådeling, sjå vedlagt planskildring for nærare om dette. Det er allereie i denne fasen utarbeidd forslag til plankart og forslag til føresegner slik at vi kan få konkrete tilbakemeldingar no ved varsel om oppstart.

Planforslaget legg til rette for ei tomt for fritidsbustad i eit område som er avsett til LNF i overordna plan. Men dette er gjort for å ivareta bygningsmiljø i tråd med målsetjingane i overordna plan. Det, og planen sitt beskjedne omfang, gjer at ein ikkje finn det føremålstenleg å utarbeide planprogram og konsekvensutgreiing. 

Planprosessen er:

  1. Varsel om oppstart (dette brevet)
  2. Revidere planforslag med føresegner etter innspel ved varsel om oppstart
  3. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
    1. Evt. ny utlegging av revidert planforslag
  4. Vedtak og klageadgang

Digitalt kart

Digitalt plankart finn du på valdreskart.no via denne instruksjonen, prøv gjerne denne ustabile lenka.

Andre dokument i saka

Alle journaførte dokument i saka finn du via arkivsaka. Det går tre virkedagar frå eit dokument er journalført til det blir synleg her.

Innspel og merknader

Innspel og merknader ved oppstart skal vere skriftlege og skal sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 20. desember 2021.

Ta gjerne kontakt med underteikna ved spørsmål, tlf 6134 5079, e-post knut.frode.framstad@vestre-slidre.kommune.no.