Reguleringsplan for Hagastøl til offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Hagastøl - Midtre Syndin er med dette lagt ut til 3. offentlege ettersyn. Merknadsfristen er 3. januar 2022.

Planområdet er 160 daa og ligg på austsida ved midten av Midtre Syndin. Planen foreslår 23 nye og 24 eksisterande tomter for fritidsbustader. 

Plankartet (PDF, 379 kB) og føresegnene (PDF, 996 kB) (bestemmelser) utgjer det juridisk bindande planforslaget. Digitalt plankart finn du på valdreskart.no via denne instruksjonen, prøv gjerne denne ustabile lenka. Planbeskrivelsen (PDF, 2 MB) er utarbeidd av planfremmar og skildrar planområdet og grepa i planen. 

Det vart varsla oppstart av reguleringsplan for Hagastølen allereie i 2014. I mars 2017 vart planen lagt ut til 2. offentlege ettersyn. Framdrifta hadde etter det ei pause i påvente av VA-plan frå planfremjar. I mai 2020 vart eit forslag til VA-plan oversendt kommunen og i juli 2020 ba planfremjar om at planarbeidet vart teke opp att. Formannskapet tok stilling til merknadane ved. 2. offentlege ettersyn i sak 70/20. Planfremjar fremja etter det eit revidert planforslag i mars 2021. Formannskapssaka tok stilling til dette og la planen ut til 3. offentlege ettersyn i sak 50/21. Etter det er planen noko justert etter gjennomført flaumfarevurdering.

Dei viktigaste endringane etter 2. offentlege ettersyn er:

  • Ved 2. offentlege ettersyn føresette planen vinterstenging av Kjeldeskogvegen for å unngå ei kryssing med skiløype. Det var mange protestar mot dette og planen føreset no at båe vegane kan vinterbrøytast.
  • Tomtene T20 og T21 ved. 2. offentlege ettersyn er slått saman til ei tomt og redusert for å unngå bygging i myr.
  • Forslaget no har tre nye tomter: T21, T22 og T23.
  • Planen viser infrastruktursoner med byggeforbod der planlagt ledningsnett går over tomter.
  • Tomtene T1, T2, T4, T5, T7 og T8 er flytta med omsyn på flomfare.
  • Føresegnene (bestemmelsane) er justerte, ma. meir samkøyrte med føresegnene i ny arealdel til kommuneplanen.

Plankartet ved 2. offentlege ettersyn finn du her (PDF, 2 MB) og plankart som viser endringane finn du her (PDF, 300 kB).

Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.

Uttaler

Merknader og innspel til planen skal vere skriftlege. Dei kan sendast på følgjande måte

  • E-post til post@vestre-slidre.kommune.no
  • «Send uttalelse» i plandialog i valdreskart
  • Brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Fristen er 3. januar 2022.