Reguleringsplan for Knippeset til 2. offentlege ettersyn

Reguleringsplan for Knippeset er lagt ut til offentleg ettersyn for 2. gong. Merknadsfristen er 14. august 2020.

Planen gjeld fritidsbustader. Planområdet er vel 600 daa og ligg vest for Haugrudvegen ved Lehøvd mellom Ålfjell og Sørre Syndin. Planen er ei endring av tre eksisterande planar. Føremålet er å tilpasse føresegnene til dagens mal ma. når det gjeld inngjerding og utnyttingsgrad, betre kvaliteten av plankartet og slå saman planar.

Plankartet (PDF, 667 kB) og føresegnene (PDF, 946 kB) utgjer det juridisk bindande planforslaget. Digitalt plankart finn du via denne instruksjonen.

Formannskapssaka der planen vart vedteke lagt ut til 2. offentlege ettersyn, finn du her. Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.

Uttaler

Uttaler skal vere skriftlege og kan sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 14. august 2020.