Reguleringsplan for Plassen omsorgssenter. Kunngjering av vedtak

Reguleringsplan for Plassen omsorgssenter vart vedteken den 19. juni. Klagefristen er den 10.august.

Planområdet ligg i Slidre.

Formålet med plana er å legge til rette for bygging av ny sjukeheim i kommuna.

Den juridisk bindande planen

Den vedtekne planen med juridisk verknad består av plankartet (PDF, 599 kB) og bestemmelsane (PDF, 458 kB). Digitalt plankart og plandialog finn du ved hjelp av denne instruksjonen.

Prosessdokument

Saka i kommunestyret med vedlegg finn du her.

Arkivsaka med alle journalførte dokument finn du her.

Klage og innløysing

Planvedtaket kan, etter plan- og bygningslova §1-9 og forvaltningslova kap VI, påklagast. Klager må vere skriftlege og kan sendast på eit av følgjande alternativ:

  1. Via plandialog (sjå denne instruksjonen)
  2. post@vestre-slidre.kommune.no
  3. Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Klagefristen er 10. august 2020.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Vestre Slidre kommune innan 3 år frå denne kunngjeringa, jfr plan- og bygningslova kap 15.