Planen legg til rette for å bygge basishall og tilhøyrande parkering.
Planområdet er 12,3 daa stort og ligg aust for Vestre Slidre skule og Skogen stadion.
Planområdet markert med lillaOmrådet består av eksisterande parkeringsplass for skulen («Lærarparkeringa»), eit skogområde med gravhaugar i vestre del, ein etablert bustadeigedom, fulldyrka jorde, havnehage og skog i nord.
Eksisterande og planlagt vegtilkomst er frå vegen Tvengisbakkin i sør som munnar ut i fylkesveg 2484 Slidrevegen.
Planen er å finne på arealplaner.no. Dei tre plandokumenta plankart (pdf), planføresegner og planomtale finn du der under "Plandokumenter". Plankartet og føresegnene er dei juridisk bindande dokumenta i planen. Planomtalen er saksdokumentet som skildrar planområdet og forklarar og vurderer grepa i planen. I planomtalen er også referat av innkomne merknader og vurderingar av konfliktene i planområdet.
I arealplaner.no, ved å trykke i plankartet til høgre, får du opp større kart som du kan zoome i og klikke i for å få opp informasjon.
Kommunestyresaka der planen vart vedteken finn du her. Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.
Plankart får du også opp i Origo/Kommunegis. Origo liknar i oppbygging og menyval på andre kart vi kjenner frå nettet, som td. norgeskart. Her finn ein det meste av kartdata via laglista (Åpne lagliste) i venstremenyen. Her kan du skru av og på lag, du kan flytte lag opp og ned og du kan gjere lag gjennomsiktige.
Klage og innløysing
Ein kan klage på planvedtaket etter plan- og bygningslova §1-9 og forvaltningslova kap VI. Klager må vere skriftlege og kan sendast på eit av følgjande alternativ:
- E-post: post@vestre-slidre.kommune.no
- Brev: Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Klagefristen er 14. oktober 2024.
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Vestre Slidre kommune innan 3 år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kap 15.