Reguleringsplan for Timbervegen leiligheiter. Varsel om oppstart

Vi varslar med dette oppstart av reguleringsplanarbeid for Timbervegen leiligheiter. Merknadsfristen er 9. november 2020.

Planområdet ligg mellom Timbervegen og legekontoret i Slidre sentrum og omfattar eigedomane gnr./bnr./fnr. 44/1/14, 44/1/3, 44/162, 44/54 og del av 44/1/15.

Målet med planarbeidet er å legge til rette for utbygging av leiligheiter for fastbuande sentrumsnært i Slidre.

Vi viser til sak  67/20 i formannskapet. Planen vart der kalla «endring av reguleringsplanen kyrkjegard Slidre». Av behandlinga ser vi at vi skal vurdere storleiken av parkeringsplassen for legesenteret som grunnlag for planavgrensinga.  

Planprosessen er:

  1. Varsel om oppstart og planprogram til offentleg ettersyn (denne artikkelen)
  2. Utarbeiding av planforslag med føresegner, evt. med revidert områdeavgrensing etter innspel ved varsel om oppstart.
  3. Utlegging av planforslag til offentleg ettersyn
    1. Evt. ny utlegging av revidert planforslag
  4. Vedtak og klageadgang

 

Saksdokument

  • Alle journalførte dokument i saka er å finne her.
  • Digitalt kart kan ein finne ved hjelp av denne instruksjonen.

 

Innspel og merknader

Innspel og merknader ved oppstart skal vere skriftlege og skal sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 9. november 2020.

Ta gjerne kontakt med arealplanleggar ved spørsmål, tlf: 6134 5079, e-post: knut.frode.framstad@vestre-slidre.kommune.no.