Området er 33 daa stort og ligg rundt leikeområdet på Vaset mellom Vasetvatnet og Murkelivegen. Målet med planen er å legge til rette for vidareutvikling av dei allment tilgjengelege aktivitetane i området i samsvar med skisse (PDF, 2 MB) utarbeida av landskapsarkitekt Ingrid Skavhaug.
Plankartet (PDF, 371 kB) og føresegnene (PDF, 998 kB) utgjer det juridisk bindande planforslaget. Digitalt plankart finn du her, evt. via denne instruksjonen dersom lenka ikkje fungerer. Dette plankartet (PDF, 434 kB) er utan faresoner og angitte hensynssoner. Det er ikkje komplett, men er litt meir lesbart.
Formannskapssaka der planen vart vedteke lagt ut til offentleg ettersyn, finn du her. Vedlegget "Planskildring" gir ei nærare skildring av planen, har referat og vurdering av innkomne merknader ved varsel om oppstart og vurderer konfliktene i planområdet.
Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.
Uttaler
Uttaler til planforslaget skal vere skriftlege og kan sendast via plandialog i valdreskart, som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 30. april 2023.