Området er 33 daa stort og ligg rundt leikeområdet på Vaset mellom Vasetvatnet og Murkelivegen. Målet med planen er å legge til rette for vidareutvikling av dei allment tilgjengelege aktivitetane i området.
Meir om området, kva vi ynskjer, problemstillingar og planprosessen går fram av dette brevet (PDF, 2 MB). Vedlegga til brevet er:
- Ideskisse (PDF, 2 MB) Skavhaug
- Bilete (PDF, 2 MB) frå området
- Utkast til plankart (PDF, 369 kB)
- Føresegner (PDF, 108 kB) hovudpunkt
Alle journalførte dokument i saka finn du via arkivsaka.
Innspel og merknader
Innspel og merknader ved oppstart skal vere skriftlege og skal sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 10. februar 2023.
Ta gjerne kontakt med saksbehandlar ved spørsmål.