Reguleringsplan for Vasetlia panorama til offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Vasetlia panorama er lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 30. november 2021.

Planen omfattar eit areal på 61 daa inni alpinbakkane på Vaset. Føremålet med planen er tett utnytting til fritidsbustader. Planen er ein detaljplan for eit område som tidlegare er regulert til føremålet i reguleringsplan for Vaset alpinområde.

Plankartet (PDF, 241 kB) og føresegnene (PDF, 937 kB) utgjer det juridisk bindande planforslaget. Digitalt plankart finn du her, evt.  via denne instruksjonen dersom lenka ikkje fungerer.

Formannskapssaka der planen vart vedteke lagt ut til offentleg ettersyn, finn du her. Vedlegget "3 Planskildring" gir ei nærare skildring av planen, ma. med referat og vurdering av innkomne merknader ved varsel om oppstart.

Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.

Uttaler

Uttaler skal vere skriftlege og kan sendast som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Fristen er 30. november 2021.