Planområdet omfattar eit område på 16 daa ved Panoramavegen, på sørsida av Vasetvatnet. Planen endrar to tidlegare planar, reguleringsplan for Grindbutunet vedteken i 2009 og del av reguleringsplan for Vaset sentrum vedteken i 2012. Føremålet er endra frå næring, dvs. rein overnattingsverksemd, til kombinert føremål, dvs. fritidsbustader som kan vere i utleige. Planen legg til rette for at fire eksisterande brukseiningar i seksjonssameige kan delast og legg til rette for tre nye brukseiningar.
Den juridisk bindande planen
Plankartet (PDF, 702 kB) og føresegnene (PDF, 276 kB) (bestemmelser) utgjer den juridisk bindande planen. Digitalt plankart finn du på valdreskart.no via denne instruksjonen, prøv gjerne denne ustabile lenka.
Prosessdokument
Saka i kommunestyret med vedlegg finn du her.
Arkivsaka med alle journalførte dokument finn du her.
Klage og innløysing
Planvedtaket kan, etter plan- og bygningslova §1-9 og forvaltningslova kap VI, påklagast. Klager må vere skriftlege og kan sendast på eit av følgjande alternativ:
- E-post: post@vestre-slidre.kommune.no
- Via plandialog i valdreskart
- Brev: Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Klagefristen er 7. juni 2023.
Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram skriftleg til Vestre Slidre kommune innan 3 år frå denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova kap 15.
Utbyggingsavtale
Utbyggingsavtalen er å finne her. Det er ikkje høve til å klage på vedtak om utbyggingsavtale.