Telemast på Gamle Vardehøgde ved Kvislavegen. Høyring

Vestre Slidre kommune har motteke ein søknad om å føre opp ein basestasjon for mobilkommunikasjon på Gamle Vardehøgde ved Kvislavegen. Tiltaket består av ei 36 meter høg mast og ei hytte for teknisk utstyr. Uttalefristen er 12. august 2022.

Vi viser til dette oversendingsbrevet (PDF, 266 kB) med vedlegg (PDF, 2 MB).

Alle journalført dokument i saka er å finne her

Vi ber om at uttaler til saka og behandlingsmåten blir framført skriftleg. Vanlegvis er det tre vekers merknadsfrist på ei dispensasjonssak, men grunna tiltaket sitt omfang og sommarferien utvidar vi til åtte veker. Uttalefristen er såleis sett til 12. august 2022