Varsel om vedtak. Endring av reguleringsplan for Felt 3 og 4 Midtre Syndin.

Vestre Slidre kommune vedtok den 18. november endring av reguleringsplan for Felt 3 og 4 midtre Syndin. Planendringa endrer ein vegtilkomst og justerer nokre tomter slik at dette ikkje er i konflikt med gjeldande tomter.

Klagefristen er 12. desember 2024.

Planendringa består i at tomtene 45, 59 og 61 får ei litt endra grense. 

Saksframstillinga og vedtaket er her. Plankart i saksframstillinga er det som er vedtatt endra. Heile saka med journalførte dokument finn du her.

Vedtaket i saka er enkeltvedtak etter forvaltningslova kap. VI som kan påklagast. Eventuell klage skal sendast skriftleg som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Klagefristen er 12. desember 2024.