Varsel om vedtak. Endring av reguleringsplan for Høyset panorama

Vestre Slidre kommune vedtok den 3. juli endring av reguleringsplan for Høyset panorama. Planendringa endrar ein vegtilkomst og justerer tomter slik at planen ikkje lenger er i konflikt med etablert skiløype.

Klagefristen er den 16. august 2024. 

Planendringa består i at tomtene 209-224 og H100 (gbnr. 64/21) og H101 (gbnr. 63/9 og 64/19) får tilkomst frå Veståsvegen i vest i staden frå vegen Høyset i aust. Mange av desse tomtene har også fått annleis arrondering. Annleis arrondering gjeld også tomt 225.

Saksframstillinga og vedtaket er her (PDF, 651 kB). Den oppdaterte planen er å finne i arealplaner.no her, origo her og heile saka med alle journalførte dokument her

Vedtaket i saka er enkeltvedtak etter forvaltningslova kap. VI som kan påklagast. Eventuell klage skal sendast skriftleg som e-post til post@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. Klagefristen er 16. august 2024.