Arni og Barni

Arni (37) (t.v.) og Bjørn Erik (37) utgjer duoen A/B mur.Dei er kjente som Arni og Barni og formelt er det no A/B mur. Med utsikt mot Nøsen står Arni Thorsson og Bjørn Erik Johnsen og leiter etter skiferstein som skal passe inn i puslespelet dei legg på grunnmuren av hytta i bakgrunnen. Barndomskompisane har lenge drøymt om å starte noko saman. Etter at Arni og familien flytta heim til Valdres i vår, set dei no spesielt stor pris på «mimre-oppdraga» kor dei har moglegheit til å jobbe samen. Det er bare nokre månader sidan dei starta murmesterfirmaet A/B mur AS. Men, «det har eigentleg ligge i korta sidan vidaregåande», seier Bjørn Erik.

Barndomsvener med felles draum

Gutane har vore kompisar sidan Arni som seks-åring flytta med mora frå Island til Røn. Dei har begge hatt ei lang karriere som fotballspelarar på Slidre-Røn saman og har fylgt kvarandre som murerar frå skulebenken på Leira vidaregåande, via praksis på Lillehammer og hos Terje Utsigt, til jobb i Slidre Bygg og Prosjektering AS. «Terje la eigentleg grunnlaget for oss begge», seier dei og legg til at dei sjølv håper å kunne vidareføre dette grunnlaget til andre om moglegheitene skulle være der.

I 2012 flytta Arni til Oslo for å oppleve noko nytt og for at kjærasten Marit skulle få spesialisert seg som sjukepleiar. Dei visste begge at når dei fekk barn i skulealder, skulle dei flytte heim at til Vestre Slidre. Åtte år seinare kom dei attende med to små jenter.

Dette hadde mange venta på, ikkje minst Bjørn Erik og kona Hilde. Også Marit og Hilde er nære vener frå barndomen. Og i haust begynte eldste dottera til Arni og Marit i klassa under tvillingjentene til Bjørn Erik og Hilde på Slidre skule. Dei nære banda frå barndomen og tilknytinga til heimstaden har gjort det naturlig å halde ved ynsket om å flytte heim at før skulestart.

Nå er alle er samde om at det nå er her dei skal bu – og at det nå er A/B mur som gjelder.

Hjelp og stønad har vore avgjerande

Med støtte frå næringsfondet i Vestre Slidre kommune fekk dei gjort dei nødvendige investeringane til å starte for seg sjølve. Dette set dei stor pris på. Dei synes det er veldig artig å jobbe saman og snakkar saman fleire gonger om dagen. Ikkje minst om rekneskaps-relaterte tema for å sikre at ikkje noko gløymast mens dei bygg opp kompetanse og rutinar på økonomi og administrasjon. «Vi deler likt så begge har god forståing av alle prosessane», forklarar dei. Vener med kompetanse på ulike felt hjelp dei å lage gode system. Dette set dei stor pris på.  «Utan god hjelp og gode råd frå Jon Teodor (revisor) hadde vi ikkje kunne gjere det vi gjer i dag», seier dei.

Med sterke røter og stor kjærleik for familien

Sjølv om målet er «heilt vanlege daga» med eit balansert liv med god tid til familie i tillegg til jobb, er dette førebels ei krevjande utfordring. «Med totalt fire små jenter, hus- og stølsrenovering på heimebane er det sjeldan dei tek av seg arbeidsklærne. Murarar er etterspurde og Arni og Bjørn Erik er etterspurte som arbeidarar både i og utanfor heimen. Og det meste skal helst gjerast før jul.

Men «moglegheita til meir tid saman med familie er grunnleggjande viktig», seier Arni. Sjølv om begge til tider har kjent på utferdstrongen, er dei no samde om at det er godt å kome heim til Vestre Slidre. Det er godt å være nær besteforeldre og bu ein roligare stad kor ungane kan springe rundt – kanskje på sikt med retning inn i murmesterbransjen?

Arni og Barni håper at helsa held så dei kan drive ei stabil bedrift med fleire tilsette i åra framover. Dei vil gjerne vidareføre eigen kunnskap og erfaring til yngre generasjoner. «Og det hadde vore ekstra artig om også yngre krefter i familiane etter kvart ville delta i verksemda!»