<3 Vestre Slidre <3

Kvislasyndin - Klikk for stort bilete Harald Andris Hamre Vestre Slidre kommune er ein av dei 6 Valdreskommunane i Oppland fylke. Slidrefjorden og Strandefjorden, som er ein del av Begnavassdraget, deler kommunen i to. På austsida stig terrenget opp mot dei høgste barskogkledde områda i Norge. I vest går dalsidene over i slakke og vide fjellvidder med store samanhengande stølsområde der ein enno finn aktiv stølsdrift. Lengst mot vest nær grensa til Hemsedal finn ein fjelltoppar på over 1600 meter.

Tettstadar

Kommunen har om lag 2 200 innbyggjarar fordelt på 464 km2 . Dei aller fleste er busett langs vassdraget og E16 som går gjennom kommunen. Kommunen har tre tettstadar; kommunesentret Slidre, handelssentret Røn/Fosheim og bygdesentret Lomen. Kommunen har også eit satsingsområde for reiseliv på Vaset.

Næringslivet i Vestre Slidre

Landbruket er den største næringa i kommunen, med omlag 170 aktive bruk. Driftsforma i jordbruket er vesentleg kjøtt og mjølkeproduksjon. Dei mest utbreidde attåtnæringar er snikkarverkstader, leigekjøring og tenesteyting i samband med turisme. Av eit samla jordbruksareal på 2600 dekar vert 93% nytta til grovfor/beite, resten til korn og andre vekster. 22% av kommunen sitt areal er produktiv barskog. I 2004 tilsvarde balansekvantumet ein fyrstehandsverdi på 4,4 millioner kroner og er difor ein viktig ressurs.


Miljøforvaltning og ressursutnytting på naturen sine eigne premissar har vore, og er ein bærebjelke for all aktivitet. Næringslivet er i all hovudsak basert på lokale ressursar. Vi har eit typisk innlandsklima med moderat nedbør. Dei stabile klimatilhøva, saman med fråværet av ureinande storindustri gjev særleg gode vilkår for jakt, fiske og friluftsliv.

Kulturhistorie

Kulturhistoria er lang og gjennom tallrike fornminne godt dokumentert:

  • Gardbergfeltet m/Einangsteinen
  • Tingsteinen
  • Olberg og Kvithovd varde
  • Lomen stavkyrkje
  • Mo kyrkjeruin
  • Slidredomen


Kommunen si historie er også representert gjennom ein særmerkt husflidsindustri tufta på gamle tradisjonar.

Reiseliv

Reiseliv er ei tradisjonsrik og viktig næring i Vestre Slidre. På Vaset er eit 360 dekar stort område tilrettelagt med vatn og kloakk for etablering av fjellstover, serveringsstader, hotell m.m. Her finn du skiheis, turløyper for både sommer- og vinterbruk. Mange vatn og store fjellområde kan by på eit vell av aktivitetar. Mange av hyttene og reiselivsbedriftene ligg i fjellskogbandet. Skog og utmarksareala vert mykje brukt til rekreasjon og turar. Reiselivet er også utbreidd nede i dalen. Vi kan også by på gards- og stølsturisme. Det er eit breitt utval av hyttetomter i kommunen.

Rakaure frå Valdres er eit kjent begrep i store delar av landet. Fiskeoppdrettarar frå Vestre Slidre bidreg stort til å oppretthalde Valdres sin status som ”rakfiskriket”. Om lag 100 tonn aure, vert årleg foredla til delikatessen rakfisk, før den vert seld til rakfisk-elskarar i inn- og utland.

Stølsdrift

Klikk for stort bileteKyr på beiteStølar i full drift finn du i våre vakre fjellområde. 90 mjølkeprodusentar er på stølen 2 – 3 månader om sommaren. Dette er ein særs gamal drifts- og kulturtradisjon som bidreg til å halde oppe noverande husdyrproduksjon, men som også har stor verdi utanom det reint økonomiske; det dreier seg om utnytting av ressursar og bevaring av kulturlandskap. I dei fleste stølsfjøsa vert det nytta mjølkemaskin og avkjølingstank, og mjølka vert henta med tankbil.

Naturen er særprega og variert; høge fjell og store vidder, vakre innsjøar og vatn, bratte og slakke dalar.