17. mai 2020 i Vestre Slidre

Program for dagen:

Kl 08.00 Salutt, flaggheising. Vestre Slidre skulekorps spelar: Livesending til facebook-side «Vestre Slidre kommune»

Kl 09.45 Ringing med kyrkjeklokker

Kl 10.00 Musikkandakt frå Lomen kyrkje, utan publikum. Film blir lagt ut på facebook- side «Kyrkja i Vestre Slidre»

Kl 11.00 Minnetale ved bautaen. Elevar frå 9. trinn: Film blir lagt ut på kommunen si facebook- side

Kl 12.30 Vestre Slidre sjukeheim/Bergtun. Tale for dagen ved ordførar. Underhaldning ved kulturskulen. Berre for bebuarar og tilsette.  Livesending til facebook-side «Vestre Slidre kommune»

Kl 13.00 Heile Norge syng «Ja vi elsker»: Livesending til facebook-side «Vestre Slidre kommune»

Kl 13.30 Slidrefjorden rundt: «17. mai-fulji med køyredoninga»

Køyrerute: Slidre- Røn- Skrøvik-Johmsborg-Ristetun-Kvamshall-Slidre

Som programmet viser vil vi mellom anna  ha eit opptog med køyretøy som skal reise rundt Slidrefjorden  - eit «17.mai-fulji med køyredoninga».  Sjå eigen påmelding og køyrereglar på facebook-sida til kommunen.

For å skape ekstra 17. mai stemning og engasjement vil vi ha ei konkurranse om det mest kreative pynta grendehuset/vegskilje inn til grendehusa langs ruta.  Det vert premiering av ein uhilda komité i etterkant.

Vi ynskjer og  at alle  pyntar langs vegen/ mjølkerampa/vegskila - slik at det vert triveleg å køyre ruta.

Vi oppmodar til at dei som bur i ei grend med nye innbyggjarar, tek kontakt  med dei for bidrag med pyntearbeidet og oppmodar til deltaking i «17 mai fulji». Denne dugnaden er bra for fellesskapet!

Vestre Slidre kommune ynskjer å  få tilsendt bilete av korleis familiane rundt om i kommunen feirar 17.mai 2020.  Vi utlyser difor ein fotokonkurranse for familiar med barn i alderen 1- 16 år:

Korleis er din korona-17.mai?

Ungdomsrådet er jury og vil velja ut dei 20 beste bileta ut frå kriteria: morosamt, glede og kreativitet.

Send bilete til: post@vestre-slidre.kommune.no

Bileta vert lagt ut på kommuna si heimeside og FB-side, og vinnarane får eit gåvekort på ein kartong med is!

Nærare info om fotokonkurransen vert lagt ut på Mykid og Skooler.

                                                              

17. mai komiteen ynskjer alle ein god nasjonaldag.

 

Klikk for stort bileteDet blir ei annleis feiring av 17. mai i år, utan folketog.