4. dagfest for unge vaksne i Vestre Slidre

Vestre Slidre kommune har gleden av å invitere deg som er mellom 20 og 30 år (fødselsår 88-98, avgangselevar ved Slidre skule) til 4. dagfest for unge vaksne i Vestre Slidre!

Vestre slidre kommune vil i år, som i fjor, vise at dei vil setja pris på ungdommen (og dei som er litt eldre) med å gi deg og dine venner mogelegheit til å treffast til eit hyggeleg lag i jula.

Stad og tid: Sekskanten, Vaset 28. desember kl. 19.00

De vil få servert velkomstdrink samt svin indrefilet og fløtegratinerte poteter.Dei som vil kan ta med fylgje. Fylgje må då vere fylt 20 år. Antrekket skal vere pent.

Det vil vere ein eigenandel på kr. 225,- pr.pers.

På bakgrunn av begrensa plass, gjeld “fyste mann til mølla”. Det er  eit arrangement på Facebook med informasjon om festen. Spre bodskapet og legg evnt. til personar i facebook-arrangement
«4.dagfest for unge vaksne i Vestre Slidre»
 

Påmeldingslinken finn du på kommunens heimeside, Facebook og her;
Påmeldingslink: https://goo.gl/forms/jS6HXIV6B0NgDBiQ2

Påmelding innan 11. desember.

Andre spm. ta kontakt med rådgjevar Monica K. Sæternes på mail:
monica.seternes@vestre-slidre.kommune.no

Påmelding er bindande.

4dag - Klikk for stort bilete