4. dags fest på Sekskanten

Vestre Slidre kommune inviterer deg mellom 20 og 30 år som bur eller har budd i Vestre Slidre.

Festen er laurdag 28. desember frå klokka 19.00.

Kvelden startar med noko godt i glaset medan ordføraren ynskjer velkommen.

Utover kvelden vil det bli konsert med Anne Marit Bergheim sitt band TeleGram!

Det vil bli arrangert musikkbingo med premiar. Kaldbord serverast, og det kan bli satt opp buss på kvelden når festen er over.

Meir informasjon finn du her: 

 

Pris: 250 kr. Påmelding innan 13. desember via fylgjande lenke: https://forms.gle/CEW5MzgLyuUTFi8N7