Aktiv Laurdag, folkemøte og Eldvegenprosjektet

Laurdag 14. januar vart det stort oppmøte av både store og små i Slidre sentrum. Aktiv Laurdag arrangerast månadleg i regi av Kultur og Frivilligheit med forskjellige aktivitetar. Denne gongen var det handballgruppa som sto for driften i Kulturkaféen samt handball i gymsalen. I tillegg var det symjing i symjehallen og brettspel og teikning på biblioteket. 

 

Ikkje minst vart det presentert eit nytt og spennande prosjekt for utvikling av Slidre sentrum i samarbeid med Valdres Næringshage: Eldvegenprosjektet. I den forbindelse vart det laga ein rebus som gjekk innom fem sentrale plassar i Slidre sentrum – Kulturkaféen, Tingstein, Sliredomen, Prestegardsjordet og gapahuken i starten av stien opp til Gardbergfeltet. Innbyggjarane fekk sjølv komme med innspel på korleis Eldvegen skulle gå og sjå ut, samt kor det kunne plasserast benkar, bålpanner, badstove, grillhus og anna. 

 

Du kan framleis ta denne spørjeundersøkinga på nett og kome med forslag her