AVLYST! Vestre Slidre idrettslag inviterar til Kick Off «oppat og atte» søndag 3. oktober! AVLYST!

Idrettslaget sitt planlagte kickoff søndag 3 oktober er dessverre avlyst pga for få påmeldte.

Idrettslaget håpar på eit lignande arrangement på eit seinere tidspunkt.

-------------------------------

Etter begrensningar og nedstengning i lengre tid markerar vi att vi endelig er i gang att! Vi har eit mangfold av aktivitetar i bygda – kom og test dei ut!


Frå kl. 09 – 13 Aktivitetar for barn frå 5 år – 4.klasse
Frå kl 13 – 17 Aktivitetar for barn frå 5. klasse og oppover

OPPMØTE VED SLIDRE SKULE!

Aktivitetar som håndball, fotball, turn og ski!

Arrangementet er gratis, og det vil bli utdeling av flotte premiar og litt å bite i!

Møt opp i treningsklede og ta med ei drikkeflaske! Har dykk skisko - og stavar heime, ta med dette, elles har vi til utlån.

Smittevernsreglar blir ivareteke under arrangementet!

For vaksne vil det være moglegheit til å melde seg på ein spinningstime eller yoga. Det vil mest sannsynleg berre bli ein spinningstime – så her gjeld det å være fyrste mann/kvinne til mølla! Presiser i påmeldinga om du som vaksen vil være med på enten spinning, yoga eller begge!

Vi gleder oss til å glede oss over idretten att!

PÅMELDING MED NAVN OG FØDSELSÅR TIL TLF 99460547 INNEN 26.09.2021!

Oppat og atte (PDF, 108 kB)