Barnehageopptak og innskriving i skulen 2018

Søknad om plass i barnehagane i Vestre Slidre 2019/2020
Alle som ynskjer å søkje plass i barnehagane i Vestre Slidre frå hausten 2019, må søkje innan 1. februar. 
Meir informasjon og link til søknadsskjema finn ein her: Søk barnehageplass

Innskriving i grunnskulen
Barn fødd i 2013 skal starte i 1.klasse hausten 2019. Barn og føresette er velkomne til innskriving ved Vestre Slidre skule onsdag 6. februar. Alle vi er kjende med gjennom barnehagane får brev om tidspunkt. Andre må ta kontakt med skulen på telefonnr. 61345110.
Hugs å ha med opplysningar om personnummer til innskrivinga. Dersom nokon ikkje kan møte, ta kontakt med skulen.