BraMat-kurs for Vestre Slidre og Vang

12 flotte deltakarar frå Vestre Slidre og Vang deltek på kurset «Bra Mat for bedre helse». Frisklivssentralane i Vestre Slidre og Vang samarbeider om å arrangere kurset, som består av fire kurskveldar over fleire veker. Mellom kurskveldane jobbar deltakarane med eigne mål og endringar i kosthaldet sitt. Tre av fire kveldar er gjennomført til no, med både teori og praktisk matlaging.

Fokuset gjennom kursperioden er å bli kjent med kostanbefalingane til Helsedirektoratet og  endringar ein kan gjera for å få eit sunnare kosthald.

Me ser fram til siste kurskveld med engasjerte og trivelige deltakarar!

Nytt kurs blir arrangert til hausten. Ta gjerne kontakt med Frisklivssentralen i Slidre på
tlf: 97617406 om du vil melde deg på eller ynskjer meir informasjon om kurset og tilboda til Frisklivssentralen.

Klikk for stort bilete