Vestre Slidre kommune innførte frå 14.11.22 byggestopp for Vasetområdet som soknar til Vaset Renseanlegg for bygg som skal kople seg på anlegget. Dette fordi renseanlegget over tid har hatt problem med å overhalde rensekrava.
Byggesøknader som har kome inn til kommunen etter dette, og nye søknader innafor dette området vil difor inntil vidare bli avslått med bakgrunn i dette.
Det vil bli gjort ein ny vurdering av om byggestoppen kan opphevast 1. mai. Oppheving føreset at Vaset Renseanlegg fungerer tilfredstillande og innafor krava.
Sist endra 13.01.2023 12.39