Elevar ved læringssenteret med i byggearbeidet på Nord-Aurdal ungdomskule

"Snakk om å kome i rette gløtten", sa William Holden og Lars Moe Westgård då læringssenteret besøkte Arbeidskraft Valdres ein dag. Utgangspunktet var å sondere om vi fann noko felles å samarbeide om.

Det hadde akkurat kome inn ein førespurnad om dei hadde tilsette som kunne ta på seg oppdrag med isolering og pussing av mur på nye NAUS. Dei hadde ingen, men vi kunne konstatere, at om dei venta berre litt, hadde vi to mann som kunne ta denne jobben! Etter nokre timar hadde dei sett på jobben, vart tilsette og fått arbeidsklede. Neste morgon kl. 8 var dei i gang!


Takk til Arbeidskraft Valdres for godt samarbeid med Vestre Slidre læringssenter!

Klikk for stort bilete