Fosterheimsveka 2023

Stort behov for fosterheimar, bli med på Fosterheimsveka 2023 og møt fosterforeldra! 

Nysgjerrig på kva det vil seie å vere fosterheim? Møt fosterforeldre som deler sine erfaringar, og få svar på alle spørsmål kring det å vere fosterheim. 

Treff erfarne fosterforeldre 

Undersøkingar viser at dei som kjenner nokon som er fosterforeldre, er meir opne for og interesserte i å bli det sjølv. Dei som vurderer å bli fosterforeldre har ofte mange ubesvarte spørsmål. Derfor arrangerer vi treffpunkt der interesserte familiar som vil vite meir får treffe erfarne forsterforeldre. 

Arrangementet passar for alle, og særleg om du er litt ekstra nysgjerrig på kva det vil seie å vere fosterheim.

Møt fosterforeldre på Facebook live 31. mai 

Dato: onsdag 31. mai 2023 
Tid: kl. 18:00-19:00 
Stad: Facebook live 

Møt Espen og Odd Rune som har vore fosterheim sidan 2015.

- Det er fantastisk å få bidra til at dei skal få eit godt liv, fortel dei.

- Vi brukte lang tid på prosessen i forkant, og oppmodar folk til å vere nysgjerrige på å få vite meir om kva det vil seie å vere fosterheim. 

Møt Espen og Odd Rune, og spør om alt du lurar på rundt det å vere forsterheim. 

Møt fosterforeldre til digital sofaprat 6. juni 

Dato: tysdag 6. juni 2023 
Tid: kl. 18:00-19:00 
Stad: Digitalt på Teams 

Bli med på vår digitale sofaprat, og møt fosterforeldre som vil dele sine erfaringar og svare på spørsmål. Her møter du Lars som er fosterheim, Ragnhild som er beredskapsheim og Bjørn Rune som er spesialisert fosterheim. Saman skal dei prøve å svare på alle spørsmål du måtte ha.