8 mai er både ein alvorsdag og ein gledens dag. Ein dag for ettertanke og takknemlegheit for dei som tok steget fram i kampen mot okkupasjonsmakta, og for dei som framleis tek steget fram for freden.
I dag, 78 år etter frigjeringa av Norge, kan krigsåra virke fjernt. For mange av oss er krigsåra 1940-1945 nok vi har høyrt fortalt, eller lese om. 5 år med krig der rettsstaten og grunnlova var verdilause dokument for okkupanten. Til eldre ein blir, til meir ser ein kor kort tid det faktisk er sidan 8 mai 1945, dagen då det Norske flagg gjekk til topps og fleire plassar denne fredsvåren heng flagget oppe heile sumaren. Gledesrusen den dagen er noko som ikkje blir gløymt frå dei som enno kan hugse det. Aldri har vel «ja vi elsker» vore framført med meir inderlegheit og begeistring som 8 mai 1945.
La oss minnast dei som tok eit steg fram og kjempa for vårt dyrebare fedreland desse krigsåra. La oss også heidre dei som tek eit steg fram og deltek i fredsbevarande operasjonar over heile verda, for å trygge freden for oss alle. 8 mai er dagen då vi også med stoltheit feirar våre veteranar.
Når Europa nok ein gong står i ein alvorleg krig, ser vi kor skjør og verdifull freden er. Nok ein gong er millionar på flukt frå krig, vekk frå heimane og familiane sine. Nok ein gong blir det viktige demokratiet utfordra. Nok ein gong ser ein kva maktbruk kan føre til og nok ein gong ser vi kor meiningslaus ein krig er. Fred kan vi ikkje ta for gitt, den må vi hegne om kvar einaste dag. Fred er ikkje tildelt oss for evig. Fred er tufta på aktive val.
I ein krig er det dei unge som har det største tapet, dei som har heile livet framfor seg, men får med seg ein tung ryggsekk i livet, med traume, smerte og redsel. Liva deira blir satt på vent og ofte avslutta før det nesten har begynt. Krig er forakt for liv og krig er der dei gamle gravlegge sine unge. Slik var det dessverre også for mange av vår unge desse krigsåra frå 1940-1945
Krig er meiningslaust, la oss kjempe for freden og la oss heidre og minnast dei som har kjempa for en verdifulle freden gjennom alle tider.
Takk for friheit og demokrati til dei som tok steget fram dei 5 krigsåra og takk til dei framleis tek steget fram for oss alle.
Gratulerer med dagen!
Haldor Ødegård- Ordførar