Generalprøve Kor-Arti'

Vestre Slidre kommune inviterar alle over 75 år til deler av Vestre Slidre Skule sin avslutningskonsert før jul, torsdag 19/12 kl. 11-13.

Vi gjer oppmerksam på at dette er ei øving for ungane og at det kan bli litt repetisjonar, men vi gler oss til å vise fram dei flinke elevane.


Servering i grendakafeen før konserten:
Julegraut & saft
Gløgg & pepparkaker


Køyr gjerne saman om de har høve!
Gje beskjed ved påmelding om du treng skyss.
Ta med pårørande om du treng det.

Påmelding innan 9/12 til:
Lise Kopperud i Plassen tlf: 91 59 88 85
Hilde Stavenjord i heimesjukepleia tlf: 48 00 55 98

Vel møtt!