Helseinformasjon - koronavirus

For dei som er usikre eller opplever symptom; ta kontakt med Slidre legesenter på telefon 61 34 47 90 i  på kvardagar mellom kl. 08:30-15:00. Skulle det bli vurdert aktuelt med testing, vil lege henvise deg dit. Du kan ikkje møte til testing utan avtale. På kveld og helg ringer du legevaktnummer 116 117 om du er sjuk.

Slidre legesenter vil legge om drifta si frå måndag 16.03.20 kl.08.00.  Frå no av kan du ikkje møte opp utan avtale. Alle må ringe fyrst og spørsmål som ikkje har betydning for liv og helse må vente. Rutinekontrollar vil bli utsett dersom det ikkje gjelder alvorleg sjukdom. Øyeblikkelig hjelp vil bli prioritert, men vi vil sortere på telefonen fyrst. Vi vil ringe til alle som har oppsett time for nærare avtale. Dette gjeld inntil vidare.  

Har du spørsmål, kan du og kontakte nasjonal informasjonstelefon på nummer 815 55 015 eller gå inn på www.helsenorge.no eller sidene til Folkehelseinstituttet

For Vang, Øystre Slidre og Vestre Slidre skjer testing utanfor Røde Kors-garasjen til Grindaheim Røde Kors i Lundsmarka 18 i Vang. Det er viktig at pasientar som har god allmenntilstand køyrer sjølve og ikkje brukar drosje. Testinga skal i utgangspunktet skje på dagtid på kvardager. Det er planlagt to mobile testeiningar i Valdres. Dei mobile einingane skal brukast når pasientane ikkje kan komme seg til lege / oppmøteplass for testing sjølve. 

Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om koronavirus, spesielt retta mot barn og unge, men og nyttig for vaksne. I filmen får du svar på spørsmål Hermine (13) stiller Helen (lege i helsedirektoratet). https://youtu.be/v1W249tl1vA