Huga på gard?

«Få fleire følk hit, litt um sen, på tomme bruk, i kvar ei grend» Det er målet til det treårige prosjektet «Huga på gard» vi har saman med Vang.

Klikk for stort bilete

Mest mogleg omsetjing av tomme bruk i båe kommunar er målet for prosjektet. Då held det ikkje å få bruka ut på marknaden. Ein lyt også ha folk som ynskjer å bu og leve på desse bruka.

Prosjektleiar Anne Live G. Garvik er busett i Lomen og driv sjølv mjølkebruk. Har du eit bruk som står tomt eller som har ei uviss framtid, ta kontakt med Anne Live. Vil du kjøpe, leige, bu eller drive gard i Vestre Slidre eller Vang? Ta kontakt med Anne Live G. Garvik på e-post eller telefon: annelive.garvik@gmail.com / 95936189

Prosjektet er finansiert gjennom bygdeutviklingsmidlar frå fylkesmannen og kommunale bidrag. Både politikarar, landbrukskontor og faglag i båe kommunar sit i styringsgruppa for prosjektet. Det vert også lagt opp til ei mentorordning i samråd med faglaga for dei som tek over bruk og ynskjer å drive garden dei tek over. Også utleige av bruk er aktuelt for prosjektet. Lys i glasa og levande grender er det overordna målet.

Du kan lese meir om prosjektet her

Her er bruk i Vestre Slidre og Vang som ligg ute til sals no