Avløpsanlegg har avgrensa levetid, og spesielt eldre anlegg kan føre til forureining av grunnvatn og overflatevatn. Målet er, ifølgje nasjonale føringar, at alle private avløpsanlegg skal oppfylle dagens reinsingskrav innan 2033:
https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/regjeringen-solberg/aktuelt-regjeringen-solberg/kld/nyheter/2019-nyheter/vassforvaltning/id2633068/
Alle som har eit privat avløpsanlegg, vil frå 2025 bli fakturert eit årelg tilsynsgebyr på kr 500,-. Gebyret kjem saman med andre kommunale gebyr. Dette er eit årleg gebyr som dekkjer kommunens arbeid med tilsyn og kontroll av private avløpsanlegg. Gebyret påløper sjølv om det ikkje har vore tilsyn på di eigedom i år. Tilsynet blir utført i samsvar med forureiningsforskrifta kapittel 12, og er ei lovpålagt oppgåve for alle kommunar i Noreg. Som forureiningsmynde har kommunen ei plikt til å sjå til at alle anleggseigarar oppfyller reinsingskrava i forureiningsforskrifta.
Gebyinntektene blir berre brukt til tilsynsarbeid, i tråd med sjølvkostprinsippet. Det betyr at pengane ikkje kan brukast til andre føremål. Kostnadene inkluderer mellom anna IT-løysingar, kartlegging av avløpsanlegg, tilsynsbesøk/stadlege synfaringar, saksbehandling og rapportering til sentrale styresmakter. Tilsynsgebyret gjeld også for eigarar av nyare anlegg. Kommunen har ansvar for å følgje opp både nye og gamle anlegg, sidan også nyare anlegg kan ha feil eller manglar. Ved å oppdage og rette feil tidleg, kan ein ofte unngå større kostnader og problem i framtida.