Innskriving av elevar i 1. klasse

Barn fødd i 2017 skal starte i 1.klasse hausten 2023. Barn og føresette er velkomne til innskriving ved Vestre Slidre skule tysdag 31. januar.

Bilde av Slidre skole leik - Klikk for stort bilete

Alle vi er kjende med gjennom barnehagane får brev om tidspunkt. Andre må ta kontakt med skulen på telefonnr. 61345110. Hugs å ha med opplysningar om personnummer til innskrivinga. Dersom nokon ikkje kan møte, ta kontakt med skulen.