Julehelsing frå ordførar

2020 har vore eit mangfaldig år for Vestre Slidre og for meg som ny ordførar. Ein kvardag med korona kom brått på oss i mars. «Korona», eit ord vi ikkje hadde høyrt om i helsesamanheng tidlegare, vart allemannsord på kort tid. Det var nesten litt uverkeleg å ta inn over seg alvoret i starten. Dette hadde vi som nasjon ikkje mykje erfaring med å handtere. Dei fyrste vekene var litt kaotiske til vi fekk det kommunale apparatet opp og gå. Sjølv om pandemien ikkje er over, er vi betre rigga no enn det vi var i starten. Det vil ta tid før vi får pandemien under full kontroll, og det krev framleis stor innsats frå oss alle. Eg er likevel sikker på at dette skal vi klare, saman. Samhaldet vi visste var der, synte seg til fulle då alvoret kom innover oss. Nabohjelp og grendehjelp på tvers av grenser kom fram. Ein stor takk til alle for ein stor kollektiv innsats og tolmod i ei vanskeleg tid.

Ein sak vi i kommunen har jobba med over lang har vore den såkalla «Skjel-saka». Utfallet av saka blei kjend i vår, og i Vestre Slidre blei me overraska over vedtaket. Fylkesmannen tilrådde ikkje grensejusteringa. Kommunal og moderniseringsdepartementet hadde den endelege stadfestinga og vedtok grensejustering. Saka har mange sider, og vi som kommune såg då, og ser framleis, den negative verknaden det har for kommuneøkonomien vår. Innbyggarane i Skjel ynskte å gå over til Øystre Slidre. Vi hadde håpa å få behalde dei, men ynskjer dei lykke til i ny kommune. Grensa blir fløtt frå nyttår, og vi jobbar framleis i dialog med Øystre Slidre om økonomisk oppgjer for kraftinntektene og rettigheiter som blir fløtt over.

Mykje arbeid har blitt lagt ned for å bygge ein ny sjukeheim i Slidre. For å halde tritt med krav og tilrettelegging i eldreomsorga, fann eit samla kommunestyre det rett å lyse ut det nye bygget på anbod rett før jul. Etter denne runden vil vi få god oversikt over kostnadene, samt få nødvendig informasjon fram mot det endelege vedtaket. Midt opp i dette har vi no signert avtale med Vestre Slidre Sanitetsforeining om overtaking av sjukeheimsverksemda og det eksisterande bygget. Eg kan ikkje få understreka sterkt nok kva innsats Vestre Slidre sanitetsforening har utført for bygda i meir en 100 år. På vegne av heile bygda vil eg takke dei for dette. Vi skal gjera alt vi kan for å føre det gode arbeidet vidare. Eg vil også ynskje alle som jobbar på sjukeheimen velkomen som arbeidstakar for Vestre Slidre kommune.

Vi har ein stor jobb framfor oss med å føre fram vatn og avløp frå Vaset mot Syndin. Det er eit stort prosjekt som vil ta tid å fullføre. Revidering av kommuneplanen som vi er godt i gang med, tek også mykje av ressursane. Det store arbeidet på E16 gjennom bygda har vi engasjert oss mykje i, då det er eit arbeid som skal stå seg i lang tid framover. Det er spesielt forholda for dei mjuke trafikantane vi har prøvd å jobbe fram betre løysingar for. Det har det ikkje vore berre enkelt å nå fram med, men noko har vi tross alt fått til. Vi har heller ikkje gløymt engasjementet rundt ein ny turnhall. Turnmiljøet og alt det gode arbeidet som blir lagt er noko vi er stolte over. Kommunen har dessverre ikkje funne rom for ein ny turnhall i økonomiplan denne gongen, men vi håpar at vi ein dag klarer å realisere prosjektet. Som de skjønar er det mange oppgåver ein kommune har å jobbe med. Politikk er kontinuerleg arbeid og handlar mykje om prioritering.

I året vi no snart har lagt bak oss er det ein ting eg har erfart som eg vil dele med dykk: ta vare på høyrselen. Eg har gjennom eit yrke som tidlegare bygningsarbeidar vore litt for lite oppmerksam på bruk av støydemping i det daglege arbeidet. Resultatet av det var at eg fekk ein plagsam tinnitus (øyresus) for omlag eit år attende. Det passa dårleg inn med jobb som ordførar. Heldigvis fekk eg god hjelp, og eg kom meg tilbake til ordførarbeidet i februar. Tinnitusen ser ut til å ha stabilisert seg på eit overkomeleg nivå, noko som gjer at eg kan utføre jobben slik eg hadde tenkt då eg tok fatt i vervet som ordførar sist haust. Klok av skade kan eg på det sterkaste tilrå bruk av høyrselsvern til dei som jobbar i yrker med støy.

Eg vil til slutt trekke fram saka som no er offentleg kjent. Om kort tid må vi sjå oss om etter ny kommunedirektør. Martin er moden for nye utfordringar, noko vi i kommunen beklagar, men har forståing for. Martin har vore ein tydeleg og resultatorientert kommunedirektør. Vestre Slidre kommune har gjort seg god nytte av Martin sin kompetanse og personlege eigenskapar. Det har vore fem verdifulle år for oss, og det må vi bygge vidare på. Ein ny kommunedirektør vil bli tatt godt imot når tida er inne. Saman med ein dyktig administrasjon, vil den nye kommunedirektøren få gode vilkår for å kunne vidareføre arbeidet som har blitt lagt ned. Martin blir i jobben fram til påske. Ein ny kommunedirektør vil vi få på plass så fort det er mogleg og vi ser opp og fram, for det er dit vi skal!

Vi har alle fortent eit lite avbrekk frå den tida vi er og har vore inne i. Ta vare på kvarandre, og ta ein telefon til dei som er åleine i jula. Vi kjem ned på føtene att med både det eine og det andre. Det er eg viss på.

God Jul

Helsing ordførar Haldor

Klikk for stort bilete