Kommunal pris i Vestre Slidre 2018

Det skal som vanleg delast ut ein årleg pris til eldsjeler og/eller personar som har peika seg ut på ein positiv måte. Det kan vere ein kulturpris, ein positivpris, ein landbrukspris, ein nyskapingspris, ein ungdomspris... Formannskapet vel kva pris det skal vere og kven som får den.

Om du har forslag til kandidatar, sender du forslaget med grunngjeving til kulturkontoret pr. e-post eller papir til gudbrand.heiene@vestre-slidre.kommune.no i Vestre Slidre innan 15.09.18.