Kommunestyre- og fylkestingsvalet, 8. og 9. september

På valdagane kan du berre stemme i den kommunen der du er innført i manntallet. I Vestre Slidre kommune er vallokalet i Vestre Slidre kulturhus.

Opningstider
Søndag 8.september kl. 13.00 - 18.00
Måndag 9.september kl. 10.00 - 18.00

Valkort
Det er ein fordel, men ikkje nødvendig, at du tek med valkortet ditt når du skal stemme.

Legitimasjon
Valloven krev at ein veljar som er ukjent for stemmemottakaren skal legitimere seg. Du bør derfor ha med deg legitimasjon.

Valresultat
Valresultat for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 blir å finne på valgresultat.no etter kl.21.00, måndag 9.september. Nettstaden blir fortløpande oppdatert etter kvart som resultata kjem inn.