Kompensasjonsordning til lokale verksemder som følgje av korona-pandemien

Stortinget vedtok 23.02.21 å bevilge midlar til kommunene for å kompensere lokale bedrifter som er hardt ramma av smitteverntiltak eller nedstengning, og som fell utanfor den statlige kompensasjonsordninga. Vestre Slidre kommune har motteke kr 500.000,- til fordeling i kommunen.

Kven kan søke?

Verksemder med forretningsadresse i Vestre Slidre som kan dokumentere tap av inntekter og/eller ekstra kostnader som følge av smitteverntiltak, nedstengning eller redusert aktivitet. Destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet,  samt  arrangementverksemd, kan også søke. Verksemder under konkukrsbehandling eller under avvikling fell utanfor ordninga.

Tildelingskriterie

  1. Søkjar må dokumentere nedgang i driftsresultat på minimum 20 % for perioden 01.01.21 til 30.04.21 samanlikna med same periode i 2019. Eventuelle tildelingar frå andre kompensasjonsordningar må framgå av rekneskapen. Tapet i kroner må utgjere minst kr 20.000,-. For nyeetablerte verksemder må tapet sannsynleggjerast i søknaden.
  2. Tap utover minimumsbeløpet vil bli kompensert ut frå ei prosentmessig fordeling, avhengig av midlane kommunen har til rådvelde.

Søknadane vert handsama i tråd med EØS-regelverket om offentleg støtte. Tilskotet vert gjeve som «bagatellmessig støtte», noko som inneber at verksemda ikkje kan ha motteke offentleg tilskot på over 200 000 EURO i løpet av siste 3-års periode.

Søknad/Søknadsfrist:

Søknadsskjema ligg på www.regionalforvaltning.no. Opprett brukar (om du ikkje allereie har), og logg inn. Søk støtteordning for Vestre Slidre kommune –« kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder (Covid-19)». Hugs å legge ved rekneksapsoversikt for dei 4 (3) fyrste månadane i 2021 og 2019.

 

Søknadsfrist: 01.06.2021.

Søknadene vert handsama samla i Formannskapet etter at fristen er ute, og innvilga tilskot vert så utbetalt til kontonummeret som er oppgitt i søknaden.

 

Kontaktperson i Vestre Slidre kommune: Marit Øvstebø (marit.ovstebo@vestre-slidre.kommune.no) tlf. 61 34 50 68/901 74972