Koronavaksine til innbyggere 18-64 år i Vestre Slidre

I løpet av veke 17 vil Slidre legesenter sende ein sms til alle innbyggjarar i aldersgruppa 18-64 år, uavhengig av underliggande sjukdom.

Der spør vi om du takkar ja eller nei til vaksine, om du er usikker eller om du er i risikogruppe. Dette er for å kunna planlegga og bidra til god flyt i vaksinasjonen.

Ver vennleg og svar direkte på sms ved å følgja skildringa i meldinga. Dette vil avlaste sentralbordet vårt betydeleg, og forenkle innkalling til vaksinasjon.

Ta kontakt med Slidre Legesenter om det oppstår problem med å svare på sms.

Dersom du allereie har fått vaksine, eller har gitt beskjed til oss tidlegare, kan du sjå bort frå denne meldinga.

Takk for hjelpa!