Jon Hjelle er kjend for å vera ein samlar av antikvariske ting, og ikkje minst for sine flotte gamle bilar som han har sett i stand sjølv. T-Fordane frå 1915 og 1912 er med i samlinga som han og kona Ingrid så fint har sett saman til eit museum,- der du kan vandre deg gjennom tema og tidsalder. Lokale ting frå Vestre Slidre har ein særleg plass i museet.
Valdres ost AS har gjennom ei årrekke delteke i både nasjonale og internasjonale konkurransar med sin ost. Den har gått til topps fleire gonger i store konkurransar som, World Cheese Awards. Kommunen nemner produsenten som ein viktig lokal aktør i næringslivet som bidreg til å skape lokale arbeidsplassar.
Det er verd å merke seg at prisane vert delt ut 24. januar i 2025, der vi også visar fram store delar av kulturlivet i kommunen.